22.jpg

Øyremerker

Eit prosjekt eg gjorde under masterstudiet.

 

I Noreg åleine tel landbruksdyra millionar, tal så høge at det vert heilt abstrakt å snakke om. I mangel på kunnskap om dyras behov, adferd og individualitet er vegen kort til å sjå dei som ei stor masse heller enn individ. Dette gjenspeglar seg i øyremerkinga deira, som har ein identifikasjonskode og eit produsentnummer skrive på. 

 

Tanken bak øyremerkene var å byte ut nummer med namn, for å vise at dyra skil seg frå kvarandre med ulike personlegheiter og for å minne om at dei, før dei vert eit produkt for oss å kjøpe, er levande skapningar. Eigenskapane som er skrivne på er eigenskapar ein faktisk finn hos kyr, som at dei favoriserer innad i flokken og gjerne har bestevener, eller at dei kan oppleve musikk som beroligande. Øyremerkene er laserkutta og den graverte teksten er fylt med blekk.

Måla er henta frå OS ID og er dei same som på merka kyrne allereie har.

1.jpg
3.jpg
4.jpg
1øyremerke.jpg
Lina1.jpg
Lina2.jpg
IMG_20210927_131038 kopi.jpg