top of page
b1-kopi kopi.jpg

Positive distraksjoner på barne- og ungdomsklinikken

Del 1 av masterprosjekt

Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland sjukehus har mange ulike rom med ulike bruksområde.
I dette prosjektet har me teke for oss to rom, eit behandlingsrom og eit infusjonsrom, der ein ser eit behov for eit avleiingsverkty samt ei endring i sjølve atmosfæren i rommet. Ved målretta fargebruk kan ein skape ein atmosfære som oppleves tryggare, meir vennleg og optimistisk for både pasientar og pårørande. 
Forskning viser at korleis ein opplever andre menneske også vert påverka av omgjevnadane våre. Det er difor eit mål at ved å bringe fargar inn i sjukepleiarane sitt arbeidsmiljø, vil det kunne gje dei positiv støtte i arbeidet dei gjer.

Når det kjem til motiva i illustrasjonane har fokuset vore på distraksjonsterapi. Distraksjonsterapi er ein måte å hjelpe pasienten gjennom ei ubehageleg eller smertefull behandling med mål om å
konsentrere merksemda over på andre ting. Målet ved å illustrere i rom der behandlingar føregår, er både å skape positive distraksjonar for pasientane, men også å skape eit slags verkty dei ansatte kan bruke til avleiing, ved til dømes å inkludere ting ein skal leite etter i bileta.

Sjølv om motiva har som mål å distrahere barna frå behandlingar dei må gjennom, skal dei ikkje undergrave sjukehusets funksjon. Figurar i bileta viser situasjonar barna gjerne kan kjenne seg igjen i og kanskje få dei til å kjenne seg  

mindre ålene om sin situasjon og sine utfordringar.

 

I utgangspunktet var tanken å male motiva direkte på veggane, men av praktiske årsaker vart dei trykte på vinyl istadenfor. Maling treng å luftast ut i minimum to veker etter påføring, noko det ikkje er tid til på avdelinga, medan vinyl er ferdig montert på nokre få timar. I tillegg tåler vinyl meir reingjering og «skrubbing» enn maling, og er derfor eit meir eigna alternativ på akkurat eit sjukehus.

Pingvinen vart som ein slags maskot for dette prosjektet. Pingvinar kan jo ikkje fly, men eit slikt hinder, ei slik utfordring du har treng ikkje stoppe deg.

Pingvin.jpg
bottom of page